Eit knippe bygdeopplevingar der vi vitjar bygda sine opplevingslokalitetar. Vertskap etter vertskap vil stå klar med sine spesialitetar.
Her finn vi bygdetradisjonar i moderne uttrykk, vikinghistorie, bygdehistorie, industrihistorie og historia om å overleve på eit gardsbruk. Maten vert servert med historie og genuinintet. Ein kan velje å vitje alle lokalitetane eller berre nokre av dei.
Undervegs kjem bygda sin kokk Christel Eide frå ”Mitt lille kjøkken” med mathistoria si og gode smakar. Det blir sjølvsagt høve til å kjøpe med seg ein smak av Bygstad anten det er ramslaukpure, granskotsirup, blåbærsalt eller mykje anna.