Prosjekt Vikingfjorden

Utvikling av kulturbasert næring og reiseliv i Bygstad, Gaular kommune i Sogn og Fjordane.

Visjon:
Visjonen er å utvikle Bygstad til ei bygd der kultur- og naturbasert reiseliv står spesielt sterkt i åra som kjem, og dette skal byggjast på denne sterke og endå levande kulturarven.

Hovudmål:
Det treårige prosjektet ”Vikingfjorden” i Gaular kommune i Sogn og Fjordane starta i 2006 med arbeidet med å fremme kultur- og naturbasert næringsutvikling i Bygstad.

Delmål:
Prosjektet er organisert i tre hovudarbeidsområder. Kvart av arbeidsområda har konkrete målsetningar:

1. Utvikle eit nettverk innan kultur- og naturbasert næringsverksemd i Bygstad.
2. Gjere fjellområda meir og lettare tilgjengelege.
3. Gjere elvar og fiskevatn lettare tilgjengelege.

Dei viktigaste strategiane vi har arbeidd etter i tillegg til delmåla har prosjektet etablert strategiar som skal sikre at prosjektet medverkar til varige endringar som underbyggjer prosjektets visjonar. Vi har fokusert på desse strategiane under kvart av delmåla:

1. Produktutvikling
2. Sal/marknad
3. Kunnskap og kompetanse
4. Nettverk

Sist oppdatert   11.05.2009  
Vikingfjorden|www.vikingfjorden.com |Tlf 971 40 060 |post@vikingfjorden.com