Vikingfjorden

Vikingfjorden i Bygstad inst i Dalsfjorden er attraktiv å vitje gjennom natur- og kulturopplevingar tilgjengelege i eit historisk landskap. Vikingfjorden legg vekt på lokale tradisjonar, kultur og historie og formidling av desse.

Staden Bygstad har ei ekte vikinghistorie basert på arkeologiske funn datert tilbake til folkevandringstida, vikingtida og mellomalderen. Bygda består av mange spanande landskapsrom som gir grunnlag for nye og varierte opplevingar servert i ulike settingar som kulturarrangement som konsert, teater  eller utstilling, vandring og  matopplevingar.


Om Vikingfjorden - Sunnfjord

Vegen hit

Førde - Bygstad:
22 km
Bygstad Taxi 57 71 72 01

Oslo - Førde:
4 fly til Førde kvar virkedag: Widerøe
4 bussavgangar til Førde kvar virkedag:
NOR-WAY Bussekspress

Bergen - Førde:
2 fly til Førde kvar virkedag: Widerøe
5 bussavgangar til Førde kvar virkedag:
NOR-WAY bussekspress
Ekspressbåt til Florø eller Sogn - buss til Førde:
Fjord1

Trondheim - Førde:
3 bussavgangar til Førde kvar virkedag:
NOR-WAY bussekspress

Service og tenester

Bygstad er eit lite senter i Gaular kommune og har eit konsentret men breitt tenestetilbod for fastbuande og tilreisande.  Her finn ein i tillegg til storslagne opplevingar, moglegheiter for handel, post og bank, turistinformasjon.  Ikkje minst bør ein prøve ut lokalproduserte matvarer.


Vikingfjorden|www.vikingfjorden.com |Tlf 971 40 060 |post@vikingfjorden.com