Vinsmaking på Åmot Operagard

Velkomen til informative, uformelle, morosame, faglege, og ikkje minst sosiale vinsmakingar hjå oss!

Vinsmaking på Åmot gard 

 

Informasjon:
steinar@operagarden.no  e
ller til Steinar Sørli 97160704.

 

VINSMAKING

I samarbeid med vinkelner Arne Egge og vår kokk Christel Eide byr vi på vinsmaking i Gamlekjøkenet på Åmot gard.

Arne Egge har valt ut og  presenterer vin han setter høgt frå ulike område og land.

Vi smakar oss gjennom vinane med ein samtale om farge, duft, smak og produksjonsmetodar, og kva slags mat vinen passer til. Kursa er tredelt og kan takast kvar for seg eller samla. Etter kurset byr vi på sosial og uformell mat tilpassa kveldens vinsmaking eller meir vin for dei som måtte ønskje det.

 

Om vinkelnar Arne Egge:

Han har bakgrunn frå Hotelhøgskulen og vinkelnarutdanning frå Gastronomisk institutt. Er medlem av den norske vinkelnerforening som er tilslutta Association de la Sommellerie Internasjonle. Har deltatt og reist på ein rekke vinturar/studieturar iulike vindistrikt gjennom 20 år. Han har også delteke i ein nordiskvinkonkurranse.

Sist oppdatert   25.02.2011  
Vikingfjorden|www.vikingfjorden.com |Tlf 971 40 060 |post@vikingfjorden.com