FabelAkitv formidlar nokre av dei beste fiskerettane i Gaula. Rettane er fordelt på det meste av elva, for å kunne tilby eit variert og spanande fiske på ulik vasstand, i takt med laksen sin fordeling på elva gjennom sesongen.
Gaula i Sunnfjord med utløp innerst i Dalsfjorden er lakseførande i 15 kilometer. Elva ligg i Gaular kommune, 20 kilometer sør for Førde og 10 minutt frå Førde Lufthamn.
Fiskerettane er godt eigna for fluge og slukfiske, er lett tilgjengelege og ligg i ein variert og fin natur. Det er lagt stor vekt på rydding og pleie av vegetasjon langs og ved elva, på alle fiskrettane.
Osfossen er i inn- og utland kjend som ein av Noregs best fiskeplassar for laksefiske. Gaula med sine mange gode og varierte fiskeplassar er kjend som ei attraktiv elv for flugefiske.
Gaula er ei av fylkes beste lakseelvar med fangstvolum laks i perioden 2000 – 2007 på 2.7, 2.6, 1.5, 2.4, 2.0, 4.1, 3.7 og 2.3 tonn.
Oppdrettslaks er eit lite problem, då det meste av oppdrettslaken vert utplukka i laksetrappa i Osfossen.
Gaula vart i 1993 varig verna for kraftutbygging, etter ein langvarig og bitter vernekamp på 20 år.
Gaula som eit av Noregs flottaste vassdrag renn gjennom eit jordbruksområde og er omkransa av ein variert og fin natur.
Gaula har ein stabil og god vasstand grunna smeltevatn frå store høgfjellsområde, Jostedalsbreen og store vatn som Haukedalsvatnet og Viksdalsvatnet.
Den største laksen som er fiska i Gaula er ca.25.00 kilo og vart fiska under Osfossen.