Vi kan, i tillegg til alpinbakke med 4 heisar med alpine nedfartar med 4 km preparerte løyper, tilby skileikeland med 10 m hoppbakke, kular og hopp, big jump og quarterpipe.
5 km lysløype, 30 km oppkøyrte skiløyper. Utleige av alpinski, snowblades og snøfjøl.
Eit nytt og større anlegg opna i januar 2007. Den nye heisen startar 450 moh. På toppen av eksisterende bakke er traseen utvida til det doble, så her vert det mykje betre plass. Vi gler oss verkeleg over at nye Jølster Skisenter er ferdig, med bortimot 4 km trasear og ikkje minst eit stort off-piste område som syner seg på toppen av den nye heisen, omlag 800 moh.