
Haugabreen. Copyright: Jarle Helgheim
I Jølster kan ein sjå Jostedalsbreen både frå E39 i Kjøsnesfjorden og i Stardalen. I 1890 vedtok Den Norske Turistforening å tilsetje førarar med patent på visse ruter over Josedalsbreen. Etter dette har det vore fleire patentførarar i Jølster for rutene Lunde til Fjærland, og frå Fonn til Veitastrond. Frå gamalt av gjekk folk nødig på breen. Framover på 1800 talet voks trafikkken både i form av drifting av kveg, menn på friarferd, eller ein skulle besøkje nabogrender i bryllaup eller barnedåp. Turistane tok til a vandre på breen på slutten av same hundreår. Berre i Jølster vert desse patentførartradisjonane vidareført i form av dagsturar med erfarne breførarar på Haugabreen.
Jostedalsbreen nasjonalpark