Sunnfjord ligg sentralt på vestlandet, midt i Sogn og Fjordane. Førde ligg 3 timar nord om Bergen med bil, og er kjend mellom anna for Førdefestivalen.
Jølster er kjend for aurefiske i Jølstravatnet, breane og målaren Nikolai Astrup. Hjarta av Fosseheimen finn du i Gaular langs Nasjonal Turistveg Gaularfjell.
I Naustdal finns ei av beste lakseelvane i landet. Her finn du og kunstbygda Vevring, der det kvart år vert skipa Vevringutstilling.
Lyst å jobbe med reisemålsutvikling i Sunnfjord ? Vi har ledig stilling.
Sunnfjord skil seg frå naboregionane i Sogn og Fjordane fylke. Med sine ukjende fjordarmar, sitt mjukare landskap samt kraftfulle og varierte vassdrag med eit rikt tal fossar, set dette preg på landskapsformar og busetting. Opplev mangfaldet frå den vesle bygda nær fjellet eller fjorden til byen Førde med sitt varierte storbytilbod. Frå organiserte aktivitetar i urørd natur til nasjonale og særskilte kulturopplevingar hos Sogn og Fjordane kunstmuseum. Avstandane er korte mellom dei store opplevingane og regionen eignar seg godt for dagsturar frå breen i aust til fjorden og øyane i vest.
Les meir om kummunane:
Gaular
Førde
Jølster
Naustdal