
Viksdalsvatnet, © Marit Hjortung
Gaular kommune ligg 20 km sør for Førde. Det varig verna Gaularvassdraget står for fleirtalet av fossane i Fosseheimen, Sunnfjord. I løpet av nokre år vert vegen over Gaularfjellet ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Gaular er også kjend for landemerket Storehesten, fjellet som ruvar 1209 meter over Bygstad. Brua over Likholefossen er det første av fleire store tiltak i regi av Nasjonal Turistveg. Den er eit av fleire startpunkt på den 22 km lange fossestien, og vart opna sommaren 2005.
Sjå om Gaular kommune på NRK sitt fylkesleksikon her.
Til Gaular kommune sine heimesider her.