"Du treng ikkje vere frelst for å dra til Førdefestivalen.
Du blir frelst av å vere der !"
Kulturredaktør Jan Landro i Bergens Tidende.
5. - 8. juli 2012
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein årleg festival, første gong arrangert i 1990. Festivalen går av stabelen i første halvdel av juli. Den er den største i sitt slag i Norge. Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barne-aktivitetar og turar i den vakre vestlandsnaturen. Hovudarenaen for festivalen er kulturhuset Førdehuset, med fleire konsertsalar. I tillegg er det festivalarrangement på museum, galleri, hotell, i kyrkjer og i sentrumsgatane. FIFF er med i eit nordisk festivalsamarbeid og er i tillegg medlem av internasjonale festivalnettverk. Festivalen fokuserer på eit særskilt tema kvart år. I tillegg til tema-artistane vil ein finne eit mangfald av artistar frå fjern og nær. Den særeigne norske folkemusikken har sjølvsagt ein sterk plass i festivalprogrammet.
Sjå festivalen sine eigne sider.
Sjå film frå festivalen