Ta del i regionen Sunnfjord!

Her er sida for deg som bur i Sunnfjord, eller som kan tenke seg å flytte hit. Her viser vi deg moglegheitene regionen gir, enten det er spennande jobb, nye vener eller eit ønske om å oppleve natur og kultur i verdsklasse. Utforsk Askvoll, Fjaler, Sunnfjord og sørlege del av Kinn og Bremanger.

Balansen mellom jobb og fritid

Ta del i Sunnfjord! Her opplever mange at dei rekk meir. At dei kan balansere jobb og fritid på ein mindre hektisk måte. Her kan du skape ditt eventyr – for vår felles framtid.

Sunnfjord har også problem og ruskever, men vi har unike forutsetnader for å lukkast! Gode folk. Driv. Mot. Nytenkning. Livskraftige verksemder. Mykje og reint vatn. Energi og mineralar. Kort sagt – rike naturressursar. Varmt velkomen!

Din guide til det som skjer i regionen Sunnfjord

I Sunnfjord er det aldri langt til ei skikkeleg god oppleving. Ta del i det som skjer, – og finn det før det skjer. Det skjer saker og ting heile tida, det gjeld berre å finne fram til det som interesserer deg.

Her får du ting gjort

I arbeidsregionen Sunnfjord er det kort veg til ansvar, kort veg til sjefen, kort veg til avgjerdene, kort veg til jobben og kort veg frå tanke til handling. I Sunnfjord får du ting gjort – med heiagjeng!

Fann balansen på bygda

Småbarnsforeldra sat i Oslo og ønska seg ein kvardag som var både innhaldsrik og ukomplisert. Dei ville ha spennande jobbar, nærleik til naturen og tid til familie.

Plutseleg dukka det opp eit forlokkande jobbtilbod på Vestlandet. Omtrent samtidig kom dei over eit hus i Eikefjorden, med god plass og fuglereir i hagen.

«Heimplassen min»

Sunnfjord-regionen ligg strategisk til midt mellom Ålesund og Bergen. Korleis er det å leve her? Her kan du høyre kva fine folk seier om sine heimplassar: Dale, Askvoll, Florø, Naustdal, Førde og Jølster.

Kvifor velje Sunnfjord?

Regionen Sunnfjord i tal